Marken-invitasjon
       
Det går mot ei ny Ål-utstilling.
I år er utstillinga lagt til helga 3. - 5. Juni, og vi ynskjer deg velkomen som utstillar til Marknadsavdelinga vår. Du må bruke påmeldingsskjemaet som er på nettsida. Der skriv du inn kva på område du ynskjer å være. Dei ulike områda er merket av på kartet på nettstaden.
Påmeldinga sendast: Ål Utstillinga Postboks 103 3571 ÅL
Eller på e-post: post@aalutstillinga.no
Fristen for påmelding er no 4. april, -om det er plass.
Kontonummer: 2320.20.62148
Vi viser elles til prisliste og reglement, men gir gjerne svar på mobiltelefon: 99 16 58 16. E-post: post@aalutstillinga.no
Ål-utstillinga legg særleg vekt på dyrsku og god gamaldags markadsstemning. Elles vil husflid, handverk, aktivitetar og underhaldning prege utstillinga. Vi legg ikkje minst vekt på gode serveringstilbod med allsidig og tradisjonsrik kost fleire plassar på området. Med andre ord, ei levande og vital utstilling for alle.
Positive endringar Det er verd å merke seg at vi har gjort ein del endringar under Ål-utstillinga i år for å skape ei endå meir aktiviserande, lærerik og intim utstilling til glede for publikum og utstillarar. Kræmartorget vil m.a. bli flytta ned i det omarbeidde Hallingtunet, der vi vil skape større intimitet. Her er det òg reist ein stor, attraktiv lavo som blir ein ny arena til bruk for kulturarrangement, møter og for utstillarar som vil invitetere kundar til informasjon og visingar. Delar av landbruksutstillinga vil få plass på tomta til Kræmartorget i nær kontakt med Dyrskuplassen. Når vi samtidig reduserar billettprisane og prøver å skape ein sterkare familieprofil gjennom "rette" prisar og gode opplevingar, har vi tru på nye rekordar under Ål-utstillinga. Frå dyreutstillingane er fredagen sett av til geit, laurdagen til unghest på sundagen er det storfe med kyr og kalvemørstring.
Saman med eit godt program, m.a. med ein stor jubileumskonsert på laurdagskvelden, i ei solid, tradisjonsrik ramme med god marknadsføring vonar vi vil føre til nye rekordar.
Likevel kan kvar og ein bidra mykje sjølv òg. Vi vil difor alt nå oppmode utstillarane til å tenkje gjennom korleis de kan bidra til at publikum kosar seg og får kjensle av å være på ei frodig dyrsku utstilling, og en marknad med stemning og miljø som i gamle dagar.
Har du ikkje "kjeften" på rett plass, kan du t.d. kompensere med å ha et instrument på lur. En CD spelar gjer ikkje same nytta, og må i tilfelle stillast lågt for ikkje å overdøve anna program og dei som vil ha seg en prat.
I samarbeid med Ål-utstillinga gir lokalavisa Hallingdølen ut ei profesjonell utstillingsavis i tabloid format og fargar med opplag på nær 20000 eks. Innholdt i avisa blir reportasjar, program og oversikt over utstillerar. Her kan utstillerar markere seg ekstra gjennom kjøp av annonseplass til fornuftige prisar. Vil du vite meir om Hallingdølen, kan du besøke avisa på internett adresse: www.hallingdolen.no.
Som før blir det ikkje berre kåring av dyr under utstillinga. Vi vil og kåre beste utstillar, noko som går både på innhald og stil. Premiane er fine, men æra er likevel det viktigaste.
Elles vil vi år særleg invitere utstillarar som går undet temaet "friluftsliv".
Så heilt til slutt: Vel møtt til ei triveleg helg på Ål!!!!
Ål 2011 Knut Einar Haug Dagleg leiar.
Tlf.: 99 16 58 16
|
|