Reglement

REGLEMENT  FOR ÅL-UTSTILLINGA 2009.

Styret for Ål-utstillinga avgjer kva for utstillarar som kan få plass.

Desse reglane gjeld for utstillarane:


1. Utstillinga tilvisar plass for den einskilde utstillaren. Utstillarar som tek seg til rette på andre plassar enn dei har fått tilvist, blir vist bort frå utstillingsplassen.

2. Det er ikkje høve til framleige, byte av utstillingsplass, eller ta andre seljarar inn på plassen.

3. Berre sal av innmelde varer er tillate. Det vil bli utført kontroll av standene.

4. Dei som stiller ut på ope område, sørger sjølve for evt. campingvogn, telt eller anna tak over hovudet. Ingen utstillarar kan gå utanfor kanten på sin plass med vogndrag, barduner e.l. Utstillinga har rett til å redusere påtinga areal.

5. Plassen er tilgjengeleg frå onsdagen i veka utstillinga opnar. Monteringa må vera ferdig og all embalasje teke bort innan Torsdag kveld. Alt gods må vere fjerna frå utstillingsområdet innan Tysdag kveld etter utstillinga, hvis ikkje betales kr. 1000.- pr påbegynt døgn i leie. Det er ikkje høve til bruk av bil på, inn og ut av utstillingsområdet dei siste 30 min. før opning alle dagar. Utrykkingskøyretøy er unnateke.

6. Utstillarane må sjølve sørge for sending, utpakking og montering.

7. Utstillarane er sjølve ansvarlege for skader dei sjølve, folka deira, produkt, utstyr o.l. påfører bygningar, innreiinger, anlegg og personar. Dei ordnar sjølv med all forsikring av sine stands.

8. Folkeparken kafe og Bondekvinnelaga har avtale om einerett til sal av middagsmat og kioskvarer. Næringsmiddeltilsynet vil kontrollere kvar stand med sal av næringsmiddel for godkjenning.

9. Sal av kinaputter, spagetti spray,  knall, soft guns o.l. er ikkje tillate. Ål-utstillinga forbeholder seg retten til å nekte salg av varer som er til sjenanse for andre.

10. Plakater og anna reklame kan ein ikkje sette opp eller distribuere utanom eigen stand. Bruk av stemmeforsterkar eller høgtalaranlegg er ikkje tillate.Utsillarane må parkere bilane sine innanfor egen stand eller på tilvist parkering.

11. Utstillarane har plikt til å rette seg etter gjeldande påmeldingsreglar og dei vedtektene som styret for Ål-utstillinga til ei kvar tid fastset. Tvist om tolking av inngått avtale mellom utstillinga og utstillarar, kan avgjerast av ei voldgiftsnemnd.

12. Personar som øydlegg miljøet, er til uro for andre utstillarar eller sel varer utanom regelverket, kan bortvisast frå området. Dei som bryt regelverket kan også bli erstatningsansvarlig.


ÅL-UTSTILLINGA








Folkeparken messeområde

Helikopter flyging

Sparebank 1 Hallingdal

Gjensidige Hallingdal





Design av BeWide Technologies - Publisert med WideCMS